Vaksne menn og andre folk på ville vegar

Eg kom til meg sjølv i går då eg såg Leonid sykla avgarde med eit barn i ein liten tilhengjar i området der eg bur.  Brått hugsa eg dei lukkelege dagane på NORINT2115, og at eg for lenge sidan hadde lova å skrive korleis siste dagen på Dei nynorske festspela blei.

Alle studentane hadde reist heim, og eg tenkte at det no kom til å bli keisamt og tomt, men det var før dei Vaksne menna på ville vegar gjekk på senen. Eg har ikkje verken høyrt eller sett maken. Fem eksepsjonelle Sunnhordlandsforfattarar lirte av seg det eine gullkornet betre enn det andre.    

Tre vaksne menn på ville vegar

Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og Hans Sande

 
Sidan eg sat på fremste rad, var det vanskeleg å fange alle dei  fem vaksne mennene samstundes i kamerabildet med den vesle mobilen min.  Her er tre av dei.
Atle Hansen og Roald Kaldestad

Atle Hansen og Roald Kaldestad i fullt driv

 
Og rett under her ser du dei to andre.
 
Konserten toppa seg for min del då Atle Hansen song ein song spesielt til meg sidan eg er Halsnøyjente. Det var jo skrekkeleg dumt at ikkje studentane var der då, syntest eg! Jentene i Sunnhordland har hatt ord på seg for å vere så ualminneleg flotte, og Atle Hansen har laga ein song om desse jentene, må vita. Høyr songen om Halsnøyjenter, Bømlajenter og alle dei andre fine jentene i Sunnhordland her
 
Dersom Desse vaksne mennene på ville vegar kjem ein stad i nærleiken av deg, bør du gjere det du kan for å kome deg på framsyninga. Eg garanterer at heller ikkje du har sett eller høyrt maken.  Men før det, kan du jo lese nokre av dei mange bøkene dei har skrive.
 
Her kan du lese litt om kvar og ein av dei fem vaksne mennene:
 
På avslutninga fekk òg festspeldiktaren ekstra merksemd. Mellom anna fekk han eit tre som takk for innsatsen. Treet var ein avleggjar frå tunbjørka til sjølvaste Ivar Aasen. Festspeldiktaren var usikker på om fingrane hans var grøne nok til å ta vare på treet, men han lova likevel at skulle gjere det han kunne for at treet skulle få gode vektsttilhøve. Han undra seg litt over korleis det ville bli å reise med eit tre på flyet… 

Bjørn Sortland

Festspeldiktar, Bjørn Sortland, takkar for treet

 

Og så var festspela slutt.  Nynorskfolket blei spreidd for alle vindar, og eg tok flyet heim til ein hovudstad full av folk som ikkje likar språket mitt.  I tillegg var sommaren våt, kald og trist. Takk og pris at det berre er nokre månader igjen til neste nynorskkurs i januar 2012, og før det, kan eg jo håpe at dei  gode, “gamle” studentane kanskje får lyst til å publisere essaya sine, i alle fall her på bloggen:))
 
…og kanskje kan me møtast til ein komlemiddag på Kaffistova ein dag…:)
 
Eg trur forresten eg må leggje inn eitpar bilder til av dei staute Sunnhordlandsforfattarane…

Hovland, Kaldestad, Sande og Kaldestad

Hovland, Kaldestad, Sande og Kaldestad i samspelAtle Hansen syng om jenter i Sunnhordland

Posted in Uncategorized | Kommenter innlegget

Ivar Aasens slektningar

I dag hadde eg ein hyggjeleg samtale med ein fin dame på Domus Athletica.

 Eg er ofte der. Eg sym, praktiserer yoga, syklar, og synest at det er eit fantastisk sted for alle som likar sport. Vanlegvis dreg eg dit med vener, og på grunn av det bruker me ikkje så mykje tid til å treffe nye menneska. Men i dag var eg aleine… og veit ikkje korleis eller korfor, men plutseleg byrja eg å snakke med ein kvinne som var i garderobe saman med meg. Ho spurde kvar eg kjem frå, kva studerer eg, om eg likar Noreg, er det vanskeleg å lære seg norsk… og litt seinere byrja me å  diskutere norske dialektar. Då fortalde eg at eg reiste til Ørsta og at det var so koselig der, og ho berre sa: “Umogeleg, veit du at Ivar Aasen var fetter til farmora mi?”

Det var så spennande synest eg. Ho sa at famillien hennar plar å reise til Ørsta kvar fjerde år, fordi dei fleste av dei ikkje bor i Ørsta :D Og ho sa at Ivar Aasen ikkje var så pen, og hadde ikkje mykje suksses blant jentene så måtte han vere klok, eller i alle fall klokere enn andre…

Synest dokker at det  også kunne vere ein av hans motiv å reise rundt landet og  samle norske ord? :D :D :D

Helsing,

Sanja

Posted in Uncategorized | Éin kommentar

Les, les… på nynorsk :)

Dei nynorske festspela 2011 er ferdige, og det var ei stor litterær oppleving. Ein kunne sjå fleire interessante forfattarar og musikarar, ein kunne kjøpe nye bøker og det var mange vanlege folk ein kunne prate med på dialekt :D

Men… sidan sommeren har komme, og dei fleste planlegg å reise eller berre å slappe av litt, vil eg gjerne tilråde nokon nynorsk bøker som var presentert i Ørsta/Volda, og som høyrdest interessant ut… Det er alltid fint å vere på ferie (på stranda eller hytta) med ei bok :)

1. Kjære Olav. Kjære Bodil.

Det var Bodil Cappelen som leste kjærleiksbrev til og frå Olav H. Hauge. Dei skreiv til kvarandre i mange år før dei ble kjende og til slutt har dei forelska seg. Veldig romantisk :*

2. Guri og Sigrid Sørumgård “Ramstein Pensionat”

Det er ei bok full av spenning og humør skrive av to systrer som leser kvarandres dagbok. Eg tror at nesten alle har slike opplevinga og derfor er dette ei god anledning å huske dei gode gamle dagane på ein ny måte…

3. Bjørn Sortland ”12  ting som må gjerast rett før rett før verda går under”

Dette er ei bok frå 2001. Det er ei barnbok men det er alltid morsomt å lese om ei ung jentes tankar og haldningar til livet og omgjevnader.

Eg har allereie begynt å lese Bodils og Olavs kjærleiksbrev og det er så spennande. Håper dokker liker i dei minste ei bok av dessa.

Helsing,

Sanja

Posted in Uncategorized | 2 kommentarar

Ka? Er spela slutt? Allereie?…

Eg sit og skriv i Oslo. I gråe Oslo. Eg vil ikkje plukke sopp og eg har ikkje redningsvest. Eg saknar gateskilt på nynorsk. Eg saknar tunet og spela.

I går var det siste speldag, og så fekk me òg litt solvêr på morgonen. Sanja måtte dra heim etter frukost, og så tok me 3 drosje til flyplassen. Toril takka ja til å gå frå flyplassen til tunet denne gongen og me gjorde det saman. :)

Min dag på tunet byrja med at eg fekk ei nydeleg blautkake med marsipan frå Milan (den serbiske kokken på tunet), og eg syn(t)est det var så kjekt å vere serbisk. :D Eg fekk diverre ikkje tatt eit bilete av kaka sidan ho forsvann på berre nokre sekundar…

Det var Gud som opna gårsdagen. Ikkje sjølve Herren, naturleg nok, men ei gudsteneste og ein veldig interessant debatt, Kor død er Gud i litteraturen på ein skala frå éin til ti? Dei to prestane som snakka saman delte sine interessante og skarpe observasjonar med oss. Den nye tankegangen dei kom med var veldig inspirerande, syntest eg.

Gud i litteratur

Så kom det litt meir lesing frå Brit Bildøen og Hilde Myklebust, og me fekk sjå utdelinga av Melsomprisen. Det var ein forfattar som kjem frå Torils heimområde som fekk prisen, så eg synest nesten sjølve Toril må skrive ein roman snart, slik at me kan feire hennar pris med serbiske kaker på Spela 2012. :)

Eg gjekk glipp av det siste arragementet då eg måtte til flyplassen. Det var fyrste gong i livet mitt eg gjekk til ein flyplass for å ta fly, og den tanken underheldt meg medan eg gjekk dit. Eg kunne sjå tunet som heile tida lå på bakken åndsynes:

Tunet

 

 

 

 

 

 

Litt seinare var eg i lufta, og då var det allereie mange minne i hovudet. Eg har verkeleg opplevd så mykje fint på Spela og eg takkar Toril, Aljåna, Sanja og Mållaget for å ha muleggjort det. Tusen takk! Vonar me sjåast i Ørsta og på tunet neste år. :)

Nikola

Sunnmøre frå flyet

Posted in Uncategorized | Merkt , , , , , , | 2 kommentarar

Frå Nynorskland til Bokmålsland

Med mykje sol blir verda stor!

Laurdag våkna me til varme solstråler og blå himmel på Ørsta. Eg skulle pakke inn og sjekke ut før frukost, sjølv om eg ikkje hadde lyst til å forlate Ørsta og Ivar.

Venane mine frå Russland som er på besøk her i Noreg trudde det var slanger!

Dei siste timane ble brukt på ein spasertur med Sanja, bondemarked og ein hyggjeleg og profesjonell prat med folk frå Noregs Mållag som stod ved plakatar for barnehagekampanje “Gjennom ord blir verda stor” – ein viktig satsning for framtida til nynorsken!

Eg er glad for samarbeidet me fekk til mellom Noregs Mållag og førskulelærarutdanninga i år, og vonar me kan få til fleire spennande prosjekt.

Eg likar forresten slagordet for kampanjen veldig godt: sjølv om ein kan lese ideane for lingvistisk relativisme i slagordet og eg er ikkje så stor tilhengjar av Sepir-Worf-hypotesen, ligg det mykje sant i dette utsegnet.

Eg og Sanja har i alle høve opplevd at verda blir verkeleg stor når sola skinn. 

Sanja nyt sola

 

 

 

 

Sia det kun er ein drosje på Ørsta, var det ein utfordring å få bestille skyss til flyplassen. Det var kjempeflaks at akkurat i det eg gjekk ut døra, var det ein fyr med bil som kom på eit galt sted for å hente andre folk som skulle til flyplassen. Då fekk eg lov til å sitje på helt gratis. Men uflaksen var at lommeboka mi blei liggjande på folkehøgskulen utan at eg oppdaga det.

Flyturen gjekk til litt lesing, pugging av dialektord fra Ørsta (litt ulogisk kanskje når ein egentleg reiser frå stadet? men eg blei glad å oppdage at eg allereie kunne nokon på lista!) og kreativ tenking på molege vegar å komme seg hjem frå Gardemoen utan pengar. Ein snill busssjåfør på flybussekspressen made my day!

Alt i alt kan eg gje til kjenne at det var litt trist å komme til Bokmålslandet – så eg kompenserer saknet med Bremnes musikk, ein plakat med eit dikt på nynorsk i gangen og kjærleik.

Helsing frå Bokmålslandet,

Aljåna

Posted in Uncategorized | Éin kommentar

Kjære Ivar, eg skriv…

Ørsta

Austlendigar er sånne folk som går kring i redningsvesta og plukkar sopp. (Bjørn Sortland) :D

For ein nydeleg speldag i dag! Aljåna måtte dra heim like etter frukost medan Toril, Sanja og Nikola blei på folkehøgskolen og byrja dagen med å høyre på Bodil Cappelen som las  kjærleiksbrev til og frå Olav H. Hauge. Dei hadde skrive vanlege brev til kvarandre i 5 år før dei blei saman. Ein riktig hyllest til kjærleik og varme i dagens (altfor?) tekniske samfunn.

Då blei det Kaffi, bokstaveleg talt, denne gongen med Brit Bildøen på Kafé Fru Svensen som er eit vakkert gammelt hus i Ørsta-sentrum. Me skulle òg gå til tunet i dag alle saman,

Sanja, Ivar og Toril

men Toril forlét oss to etter å ha fått eit bilete med Ivar og ho haika oppover med suksess.

Musikk og rørsle kan ein seie heile dagen har vore prega av. Me 3 (Toril og ungdomane altså :) ) hadde det vanskeleg å forstå poenget med førestelliga Forteljingar sjølv om me syntest idéen om å setje ho ute og kostyma var bra.

Dei som spelte kammermusikk i tunet hadde mykje forskjellig på repertoar, frå moderne norsk musikk til Johannes Brahms. Noko for ein kvar smak! Læraren (som spelte hovudfiolin) verka litt streng og me var glade for at me ikkje var elevane hennar.

Før neste konsert med Gunnhild Sundli (som var sånn passe men lite grann monoton) trefte me Milan, ein kjempehyggeleg serbisk mann som jobbar som kokk på tunet. No veit me kvifor maten på tunet smakar så godt! :) Alltid nydeleg å snakke litt på morsmål, syntest Sanja og Nikola. Og alltid hyggeleg å ta bilete saman med vår fantastiske lærar.

konsert på tunet, Sanja, Toril og Nikola

Som sist (men absolutt ikkje minst) kom konserten Billie Holiday på nynorsk, og då blei heile lyse natta litt meir magisk. Annjo Klungervik Greenall og dei to gutta viste oss (ein gong til :) ) kor poetisk og emosjonsladd nynorsk kan høyrast ut.

Billie Holiday på nynorsk

I morgon må ein seie farvel, noko me ikkje vil, men men. Litt av nynorskkjærleiken (og nynorskironien ;) ) skal me nok ta med oss heim til Oslo.

Posted in Uncategorized | 4 kommentarar

Nakupenda, Ivar!

I dag ble me betre kjent med området her og faktisk gjekk frå Ørsta til Aasen-tunet!

Bildet seier for seg sjølv - me går!

På vegen møtte me vår kjære Ivar, nesten ingen mennesker, men mykje vakker natur og slitsame bilar.

Me lurte på om det var fortsettelsen av fjorden eller ein elv.

“Han styrer skeivt, som ikkje veit vegen”, men heldigvis hadde me Nikola

Er ikkje det stort?

som visste vegen til flyplassen! Me brukte litt over ei time og fekk god trening og nokon av oss fekk låkt i “kolbota” (det er forresten favorittordet til Håvard som er leder i Noregs Mållag).
Me har lært mykje om kjærleik i dag og til og med korleis ein seier “Eg elskar deg” på ulike språk, mykje eksotiske språk som ingen av oss talar, frå kinesisk og japansk til fulfulde. Me likte “nakupenda” – kan dokker lesarane våre gjette kva for språk det er? (Ikkje fulfulde!)
Ein av oss blei litt forelska etter så mykje varme ord og ein romantisk stemning full av kjærleik!
Me var glade å gjenforenast med læraren vår Toril som kom frå Oslo.
Me har opplevd litt forskjellege ting i ettermiddag:
Sanja fant ut at det gjekk an å ta dialektprøvar på museet og fekk mange riktige svar (takka vere Liv Jorunn som hadde lært oss mykje om dialektane!).
Aljåna og Toril fekk skyss til Volda og opplevde heavykattens rock på nynorsk saman med tøffe gutar og mange søte rockeborn! Håvard køyrde dei på ein liten sightseeing tur i Volda (me har lært frå Arne og Sjur Hjeltnes humoristiske innskudd at det går an å kodeveksle mellom nynorsk og engelsk!).
Nikola var og såg på dans og kjem sikkert til å skrive meir om det seinare. Så det er berre å glede seg til fleire postar her på bloggen.
Konserten i kveld med Sigrid Moldestad og bandet var så full av kjærleik at musikken skauv vekk skyene og me sit no, nyt den ljose somarnatta, den gode musikken, eit glass vin og Toril dansar – me er altså augenblinknytare akkurat no.
Me vonar på like mange lesarar i morgon som me fekk i dag! Og kanskje nokon kommentarar?

Posted in Uncategorized | Éin kommentar